RSS

Månadleg arkiv: november 2007

De 10 dårligaste filmane på kino 2007

Ok, her har me det. Som medlem av Norges Filmforbund (NFF), så får eg et fint kort som eg kan bruka te å gå gratis på kino med. Det benytte eg meg av, og har jo derfor sitt ein del filmar på kino i år. Dessverre har någen av dei vært dårlige. Mongen har og vært bra, og eg tenkte eg sko kjøra på med ein slags julakalender-nedtelling av dei beste filmane på kino i år. Som ein oppvarming te det, så tar eg fram dei 10 verste eg har sitt i år. Klar?

10. Switch

http://www.imdb.com/title/tt1020996/

Regi: Ole Martin Hafsmo

Med: Sebastian Stigar, Ida Elise Broch, Espen Klouman-Høiner og Peter Stormare

Peter Stormare e ganske kul, som han pleie å vær, men detta e jo barre The Karate Kid med snowboard. Klisjear så det tyte ut av øyrene på alle involverte. Der e og tydeligvis kun to stykk på Voss som snakke den regionale dialekten. Og et problem at eg syns hovedpersonen e ein drittsekk frå starten av, vanskeligt å heia på någen som helst. For så vidt ganske bra laga.

4/10

9. Evan Almighty

http://www.imdb.com/title/tt0413099/

Regi: Tom Shadyac

Med: Steve Carrell, Morgan Freeman og Lauren Graham

Bruce Almighty va løyen. Steve Carrell e løyen. Steve Carrell sin karakter i Bruce Almighty va løyen. Synd at han ikkje spele den samme karakteren i denna oppfølgaren, som og visstnok e verdens dyraste komedie. Det e mest slapstick-humor, kun et par-tri gode latterar i løpet av filmen. Eg trur cracked.com beskreiv det best: «Bruce Almighty took up some interesting questions. What would you do, if you were God? The writers of Evan Almighty decided to take it one step further, and ask: What if you had to build a boat? And also, you had a beard?»

4/10

8. Ghost Rider

http://www.imdb.com/title/tt0259324/

Regi: Mark Steven Johnson

Med: Nicholas Cage, Eva Mendes og Sam Elliott

Denna har skikkeligt latterligt dårligt skuespel, spesielt i heile den «love-connection»-en mellom Nicholas Cage og Eva Mendes. Det han har gåande for seg, e at det ser ganske bra ut, for det mesta iallfall. Ellers e det ganske teit.

4/10

7. Fantastic Four 2: Rise of the Silver Surfer

http://www.imdb.com/title/tt0486576/

Regi: Tim Story

Med: Ioan Gruffudd, Jessica Alba, Chris Evans, Michael Chiklis, Julian McMahon og Laurence Fishburne

Den fusste va jo ok. Heilt grei sommarfilm med superheltar og sånn. Men detta blir barre for kjedeligt. Denna vare i 1,5 time, men det føles som 2,5, spør du meg. Det går seint framøve, og ingen karakterar virke realistiske. Kanskje med unntak av denna nye fyren, Silver Surfer. Men så e jo han data-lagd, for det mesta. Den kule jaktscenen de viste i trailerane, som va hovedgrunnen te at eg gidda, hadde de ødelagt med at han flammegutten sko komma med sånne «snappy one-liners» for å letta på stemningen.

3/10

6. Rogue Assassin

http://www.imdb.com/title/tt0499556/

Regi: Philip G. Atwell

Med: Jason Statham, Jet Li og Devon Aoki

Nei, eg har ikkje linka feil, filmen hette «War» i USA. Det e jo logisk nok det, for de nevne det at det e krig ganske møje i filmen. Krig mellom kineserar og japanerar i San Fransisco (trur eg). Jason Statham e jo kul, og når han slår seg samen med Jet Li, så MÅ det vel bli någe bra actionscenar av det? Barre litt, vise det seg. De prøve litt for hardt å ha ein handling detta her, og då blir det ikkje bra. Og når de så ska ha inn ikkje ein, men to fantastiske twistar i historien mot slutten, så blir det barre merkeligt.

3/10

5. Next

http://www.imdb.com/title/tt0435705/

Regi: Lee Tamahori

Med: Nicholas Cage, Jessica Biel og Julianne Moore

Fra regissøren av Die Another Day og xXx 2! Nicholas Cage har absolutt spelt i någen dårlige filmar i år. Her spele han ein mann som kan se barre litt inn framtiå. Detta gjør at han ikkje e ein superhelt, barre ganske god. Problemet e jo såklart at han ikkje har problemer. For ka skjer om du prøve å slå, skyta eller sprenga ein mann som kan se barre litt inn i framtiå? Jo, han unngår deg. Derfor e det kun et flashforward te ka som kunne skje, kvar gong det skjer någe drit med han. Og den einaste gong eg har vært på kino der alle kollektivt lo av slutten.

3/10

4. Rush Hour 3

http://www.imdb.com/title/tt0293564/

Regi: Brett Ratner

Med: Jackie Chan, Chris Tucker, Hiroyuki Sanada og Max von Sydow (!)

Nå kan dokke bli skeptiske, men eg likte dei to fusste eg. Det va gode actionscenar, og bra humor (iallfall når eg såg de, det e ei stund siden nå). Men i den tredje her, så e ikkje Chris Tucker løyen, og Jackie Chan begynne å bli gammale. Altså dårligare kung-fu, og alt for lite dagligdagse ting brukt som våpen i slosskampar. Historien e og skikkeligt skikkeligt skikkeligt dårlige. Ein kjekke sverdkamp redde litt.

3/10

3. Hannibal Rising

http://www.imdb.com/title/tt0367959/

Regi: Peter Webber

Med: Gaspard Ulliel og Gong Li

Kanskje det dårligaste manuset någensinne. Folk går rundt og seie navnet te dei de snakke med konstant, sjøl om de kjenne de. Og ein innledning med forferdeligt skuespel. Det gjorde litt vondt, så dårligt va det. Et par mordscenar som funke ganske bra, men når du tenke øve det, så har ikkje detta så møje med Hannibal Lecter å gjør i det heila tatt. Det e kun ein hevnhistorie som kunne handla om kim så helst.

3/10

2. Norbit

http://www.imdb.com/title/tt0477051/

Regi: Brian Robbins

Med: Eddie Muprhy, Eddie Murphy, Thandie Newton, Cuba Gooding Jr. og Eddie Murphy (hoho)

Eddie Murphy spele både ein tynne fyr med briller, ein kineser og ei kjempetjukke dama! Håhåhå, du kan tru den tjukka damå e løyen. Hu e tjukk, og sint, og frekk og! Så seie hu «How YOU doin»!» som om det e ein punchline, sjøl om det ikkje gir meining i någen situasjonar som helst. Detta e voldsomt mislykka. Eg huske ikkje heilt om eg lo, men det kan ikkje ha vært møje. Eg angre på at eg såg denna. Eg vett ikkje koffor eg ville se han heller. Detta va filmen som åpna augene for at du ikkje trenge å se alle filmane på kino sjøl om det e gratis.

2/10

1. Running With Scissors

http://www.imdb.com/title/tt0439289/

Regi: Ryan Murphy

Med: Joseph Cross, Annette Benning, Brian Cox, Alec Baldwin og Gwyneth Paltrow

Det e kanskje ikkje rettferdigt av meg å ta med denna, siden eg barre såg halve. Ja, me gjekk halvveis. Det e den fusste gongen eg har gått fra kino midt under ein film. Eg satt gjennom heile Norbit. Det seie litt om kor kjedeligt detta va, så eg tar han med på listå uansett. Der va så og sei ingen handling. Det ekje positivt. Når så dessa «underlige og galne» karakterane ikkje e verken interessante eller underholdande, så va der ingen grunn te å fortsetta sjølpiningå. I begynnelsen lese morå et depressivt og forholdsvis kjedeligt dikt. Deritte fulge filmen opp med å visa den underlige sønnen som lese opp det samma diktet for seg sjøl når morå ikkje e der. Eg har ikkje angra på at eg gjekk fra slutten.

1/10

Så der har med det, de 10 dårligaste filmane eg har sitt på kino i år. Der e jo fremdeles ein måned igjen, så det kan vær det dukke opp någen, men det får me håpa ikkje skjer. Seriøst. Håpe for all del ikkje det skjer. Så e det barre å gjør seg klar for julakalender med dei beste filmane framøve. Heng med, folkens!

Advertisements
 
12 kommentarar

Posta av den november 30, 2007 in Film

 

Stikkord: , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Jepp jepp, blogg i gong!

Itte å ha blitt gjennomborra av propagandaen te ein viss Eirik Solheim, så har eg starta opp ein blogg.

Her komme eg kanskje t å skriva litt om ka eg holde på med. Kanskje det blir någen assosierande fortellingar frå kvardagen? Sannsynligvis komme der og te å bli anmeldt ein del film, forhåpentligvis. Ska heller ikkje sjå vekk frå at det blir lagt inn någen av notatene mine frå Media og Kommunikasjon, som ikkje e heilt sånn som du kanskje trur. Så snarligt komme eg te å prøva å komma meg i gong med detta her.

Det e barre å gleda seg, syns eg.

 
Kommenter innlegget

Posta av den november 29, 2007 in Generelt

 

Stikkord: , , , , , ,